Les om Nobuvest
Til dirigentar og tillitsvalde:
NobuVest er til for deg
Norges barne- og ungdomskorforbund (NOBU) har starta eit samarbeid med Norsk Musikkråd Hordaland, der dei kjøper 30 % av ei stilling til medlemskora sine i Hordaland, Rogaland og Sogn & Fjordane. Nobu vest held til i Musikkrådet sine kontor på Verftet USF på Nordnes i Bergen. Frå januar 2008 er det Åsne Kvamme som sit på kontoret til Nobu vest.
Om det er noko koret ditt lurer på eller treng hjelp til, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt - kom gjerne innom, send ein epost eller ring oss.
Det er også oppretta eit interimstyre for vestlandsregionen nobuVest. Eit hovudmål er å få i stand ulike arrangement for kora i regionen, og ein håpar med dette å auka aktiviteten i alle dei tre fylka. Som ein peikepinn på kva me gjer kan du lesa årsmeldinga til nobuVest Hordaland.


Årsmelding for Nobu vest Hordaland, 2006







